«Daffy var ein gammal heavyrockar frå 80-talet som hadde spelt bass i det livsfarlige Verdalen/Sandnes-bandet Hell Patrol. Han var framleis veldig opptatt av å vera både heavy og rocka i møte med dei måpande musikkspirene i tenåra.
Daffy drakk raudsprit bare for å visa at det gjekk an. Så blei han heilt rabiat og klatra opp på miksebordet. Etterpå spydde han i vasken. Arbeidsdagen i studio var slutt når Daffy sovna.» – utdrag fra boka Kontroll på Kontinentet av Jan Zahl og Paul Ausestad.